KMR

Kunstnerstipend fra Møre og Romsdal fylke

300.000 kroner til kunstnarstipend

Møre og Romsdal fylkeskommune lyser no ut stipend til profesjonelle kunstnarar som er busett i fylket. Stipendordninga har ei årleg ramme på inntil 300 000,- kroner. Utøvarar innan alle kunstartar kan søkje. Søknadfrist 23.september 2011.

Stipendordninga gir rom for å dele ut fleire stipend innanfor den årlege ramma, og det er kulturutvalet etter innstilling frå fylkeskultursjefen som tildeler stipenda.

Målet med stipendordninga er å fremje profesjonell kunstfagleg aktivitet av høg kvalitet hjå kunstnarar som bur og arbeider i Møre og Romsdal. I tillegg skal ordninga gi kunstnarar høve til å fordjupe seg i eit nærare definert kunstfagleg område over tid, slik at dei kan utvikle seg sjølve og samtidig få mulegheit til å heve den kunstnarlege kvaliteten på arbeidet sitt.
Søknader som skildrar arbeid med nyskapande utviklingsarbeid med relevans i notida sitt kunstfelt vil bli prioritert. Søknadsfristen for kunstnarstipend er sett til 23. september.

Det er fjerde gong Møre og Romsdal fylkeskommune deler ut kunstnarstipend. I 2010 var det delt ut fem stipend innan kunstartane mulralteknikk og performance; romkunst /installasjon; utøvande og skapande dansekunstar; konseptkunst; folkemusikk/produksjon av solokonsert.

– Vi har fått mange gode tilbakemeldingar på at ordninga med kunstnarstipend frå fylket er eit viktig bidrag, og som gir kunstnarar rom og muligheit for nyskaping og personleg utvikling, seier seksjonsleiar Johild Kosberg Bredin ved Kulturavdelinga.

For meir informasjon om statuttar og søknadsskjema sjå: www.mrfylke.no/kunstnarstipend